Hopp til hovedinnhold
Facebook
Våre tenester

Gratis trådlaust nett på alle biblioteka

Trådlaust nett

Spør etter passord i skranken.

 

Fjernlån

fjernlaan

 

Innlån

Biblioteket kan låna inn materiale vi ikke har sjøl. Personalet lokaliserar tittelen og ordnar med bestilling. Tenesta er gratis. Materiale som alt finnes på eitt av  biblioteka, lånar vi i hovudregel ikkje inn.

Norgeslån

Norgeslån er ei teneste der du sjølv kan tinga materiale frå bibliotek andre stader og velja kva bibliotek du vil henta det på. Ver merksam på at ein del bibliotek ikkje lånar vidare t.d. nye og populære titlar, nye spel og filmar osv.

Bruk Samsøk  for å søke i fleire bibliotek samtidig.

Tenesta er gratis.

Spel i biblioteket

 

På biblioteket kan du spela Playstation, Nintendo DS, Wii U og x-box.

Du kan spela mange ulike spel i biblioteket. For å låne spel må du ha lånekort. Du kan også låna spela med deg heim.

På biblioteket kan du også spille brettspill - alt frå sjakk og Scrabble til Ubongo og Settlers of Catan. Finn deg eit bord, ein medspelar og set i gong!

På Askøy  folkebibliotek og i Øygarden finn du eigne spelrom, i Fjell og Sund kan du spela ute i bibliotekrommet.

 

Utskrift, kopi, skann og faks

På biblioteket kan du skriva ut og kopiera dokument, låne skanner eller fakse. Prisar finn du under fanen for det einskilde bibliotek.