Hopp til hovedinnhold
Spelerom

Biblioteket vårt har eige spelerom med to skjermar til bruk for Wii og PLaystation. Me har også Nintendospel.

Nokre av spela kan berre nyttast her i biblioteket, andre kan lånast med heim.

Det utvalet med spel me har til utlån til ei kvar tid, finn du på eit stativ i spelerommet.

Ta det med deg til skranken for utlån og få med deg det utstyret du treng dersom du skal nytta spelerommet.

Eit utval av teikneseriar for ungdom er utstilt her, og kan lånast med heim.

Rommet har to sofaer.