Hopp til hovedinnhold
Skulebibliotek

I Øygarden har me organisert skulebiblioteket på barneskulane på ein spanande måte. På folkebiblioteket på Rong er det tilsett ein skulebibliotekar som har ansvar for 5 samlingar fordelt på 4 skular. 2 dagar i veka reiser ho rundt til skulane og er på ein skule frå skulestart og ut skuledagen. Elevane kjem på biblioteket etter ein fast plan slik at alle elevane med jamne mellomrom får høve til å låne seg nye bøker. Ho kan i tillegg ta med seg bøker frå folkebiblioteket som elevane også kan låne.

Elles i veka har ho oppgåver på biblioteket på Rong og tid til å jobbe med utviklingsarbeid retta inn mot skulane. T.d. kan ho inviterast inn slik at ho kan hjelpe til med spesielle prosjekt i klassane.

Når skulebibliotekaren kjem prøver ho å samle elevane klassevis.

KVA SKJER I HAUST?