Hopp til hovedinnhold
Meir om Sund

HISTORIE
Havstrilane har levd av fiske og småbruk. Fiskarbonden utnytta ressursane på land og sjø. Etter kvart som bruer og vegar vart bygde, endra infrastrukturen seg fort. Med folkevekst, utdanning og teknisk utvikling fekk kommunen meir varierte næringar.

LOSHISTORIA
Hummelsund er eit lite lokalsamfunn, der losar, båtmannskap og andre sjøfolk har hatt sitt virke og sett sett preg på miljøet. Inntekter frå losing har spelt ei viktig rolle for busettinga gjennom tidene. Losstasjonen ligg på Vikso i dag.  Saman med Kystverket er det sett opp eit nasjonalt minnesmerke over omkomne losar og båtmannskap der. Sund på søre Sotra band 2.

KULTURMINNE
Det er særleg områda Glesnes og Toftarøyna på vestsida og nordre del av kommunen på austsida som trer fram som dei mest aktuelle funnstadene av automatisk freda kulturminne. På skulehuset på Toftarøyna kan du sjå mange objekt i Olav Toft sine samlingar. Skogsvågen har ei unik kvalfangst-historie. Sund på søre Sotra band 5.

Langs stiane kan du sjå mange flotte steingardar, potetkjellarar, steinhus, naust, kverner og buer. Gjennom Riksantikvaren sitt verdiskapingsprogram Perler i Nordsjøløypa vart Heimanpådalsbua i Goltasundet, Selstøbuene, Selstøkverna, den gamle gravstaden  Fredens bolig i Telavåg og Bygnaden i Trellevik restaurerte. Sjå elles Vandring i vest (Nordsjøfartmuseet) og kulturminneplan for Sund www.sund.kommune under Kultur og kulturvern.

FLORA OG FAUNA I SUND
Vegetasjonen på Sotra ligg for det meste i retning nord-sør. På delar i Sund kan du i dag sjå lauvskog og barskog, men mykje av landskapet er lyngheier og nakne berg. Strandnelliken veks villig opp av bergsprekkene.  Om hausten fargelegg røsslyng og klokkelyng naturen.  

Havørna svevar over øyriket. Hjorten gøymer seg meir, men du ser spor etter han overalt. Ver obs på hoggormen som kjem fram med sola og kroar seg rundt blåbertuene.

GITARLØYPA www.ordispor.no
På veg frå Stranda skule til Storevarden vil du finna tekstar av kystens trubadur, Johannes Kleppevik, infortavler om natur og kultur, landskapskunst og geocaching. Web-appen inneheld òg bilete, filmar og tekst om fleire naturskjønne turar i Sund.

Meir info https://sund.dnt.no/