Hopp til hovedinnhold
Lånereglement

Lånereglement for Askøy folkebibliotek, Fjell folkeboksamling, Sund folkebibliotek og Øygarden bibliotek

Lånerett

Alle har rett til å bruka folkebiblioteka sine samlingar og tenester. Utlån og bruk skal vera gratis for lånar. Biblioteka tek betalt for utskrifter, faks og kopiar. Ein kan få lånekort ved å leggja fram godkjend legitimasjon. Born kan få lånekort frå 1. klasse. Lånarar under 15 år må ha underskrift frå føresette. Biblioteket må få melding om adresseendring og tapt lånekort. Kortet skal visast fram ved lån og ved bruk av datamaskiner i biblioteket. Du må også nytta det nasjonale lånekortet i tillegg til pinkode, ved lån på utlånsautomatane.

Lånetid

Vanleg lånetid er:

* 2 veker - DVD og PC-spel (1 veke på Fjell Folkeboksamling)

* 8 veker - Språkkurs

* 4 veker - Bøker, lydbøker, musikk og tidsskrift

DVD og PC-spel er merka med tilrådde aldersgrenser. Lånaren har ansvar for at desse vert haldne. Biblioteka er ikkje ansvarleg dersom lånt materiale fører til skade på avspelingsutstyr. Elles blir lån av DVD regulert av dei gjeldande reglane ved det einskilde bibliotek. Lån kan du fornya dersom det ikkje er venteliste. Biblioteket har rett til å korte ned lånetida for nytt materiale.

Reservering

Bøker og anna materiale som er utlånt kan du reservera. Du får melding når materialet kan hentast. Det må hentast innan ei veke.

Lån frå andre bibliotek

Bøker som vi ikkje har i samlinga vår, kan vi som oftast tinga inn frå andre bibliotek. Vi har noko pensumlitteratur sjølv, men studentar ved høgskular og universitet bør tinga pensumlitteratur gjennom utdanningsinstitusjonen sitt bibliotek. Vi har tilgang til norske og utanlandske bibliotek sine databasar og samlingar.

Vi tilbyr IKKJE fjernlån av:

* Serielitteratur kor det er/kjem til å blir over 10 band i serien. Unntaket er dersom vi har serien sjølv og manglar noko band.

* Ordbøker, oppslagsbøker, leksika.

Fjernlånsbøker kan ein ikkje rekne med kjem før ca. 1 veke (eller meir) etter tinging, så ta gjerne kontakt med biblioteket i god tid før du treng litteraturen. Du kan også tinga fjernlån sjølv via norgeslån, viss du har nasjonalt lånekort. Sjekk i basen vår før du tingar norgeslån. Du treng ikkje levera inn bøkene på det biblioteket der du lånte dei – vi sender dei vidare for deg.

Fjernlån er ressurskrevande, og dersom lånar gjentekne gonger ikkje hentar tinga fjernlån eller unnlét å levere tilbake fjernlånt materiale, fell retten til å fjernlåne bort.

Lånaren sine plikter

Det du låner, er du ansvarleg for. Tapt eller øydelagt materiale må du erstatta. Spesielt vil vi be deg halda lånetida, slik at andre også kan få høve til å lesa bøkene/nytta materialet.

Gebyr

Dersom du ikkje held lånetida, må du betale gebyr fastsett av det einskilde bibliotek: Fjell folkeboksamling, Askøy folkebibliotek, Sund folkebibliotek og Øygarden bibliotek. Gebyrsatsane finn du under fana til det einskilde bibliotek. Det blir sendt 3 varsel før rekning (erstatningskrav).

* Tapt lånekort blir belasta med kr. 10,-

* Brot på lånereglar kan føra til tap av lånerett.

Kopi og utskrift

5 kr. per kopi.

1 kr. per utskrift frå skrivaren.

Ordensreglar

Personar som visar uønska adferd kan bli bortvist frå biblioteket / tapa låneretten for kortare eller lengre tid.