Hopp til hovedinnhold
For skular og barnehagar
kyr            natur

Bruk av biblioteket:

Bruk av biblioteket:
Me tek gjerne mot besøk på biblioteket. Opplegget er fleksibelt etter behov eller ynskje frå barnehagen/skulen.
Me har og høve til å stille ut ulike produkt laga av barnehagar/elevar.
La biblioteket bli ei naturleg del av det pedagogiske opplegget til skulen. Me kan m.a. tilby orientering om biblioteket,  syne søk i ulike tekstbasar, kjeldebruk (styrke/ veikskap) og bokprat.Ha klåre mål med besøket, gje biblioteket beskjed om t.d. emne klassen skal arbeide med.Ver sjølv deltakande når klassen er på biblioteket. Elevane får eit optimalt utbytte av besøket om du er tilgjengeleg for spørsmål og assistanse undervegs.
Me oppmodar barnehagar til å ta med borna så tidleg som mogeleg. Ved eit tidleg møte med biblioteket vil borna få eit naturleg forhold til biblioteket som ein arena for oppleving og leseglede.
Me kan tilby m.a høgtlesing og ein av dei tilsette vil legge til rette for ei koseleg stund. Ta kontakt nokre dagar på førehand, slik me i samarbeid kan få til best mogeleg opplegg for deg og borna.
 

Lån til barnehagar:

Det er høve til å tinga bokkassar frå Sund folkebibliotek. Innhaldet kan vera alt frå spesielle emne i samband med ulike tema/ prosjekt, bøker tilpassa trinn/  gruppe eller ” lett blanda drops”  av skjønnlitteratur.
Slik kan du gjera det enklare for oss, samt yte barnehageborn best mogeleg sørvis:
Ver ute i god tid.
Nokre gongar arbeidd fleire barnehagar med same emne og då gjeld prinsippet: ”første mann til mølla”!
I nokre periodar av året er det meir hektisk enn andre. Tingingar me får inn vert effektuert etter kvart.
Lånetida er  8 veker.
Med kvar bokkasse følgjer det med oversikt over kva bøker som er lånt ut, og til kva avdeling/ trinn.
Ein vaksen ansvarleg må syte for at bøker og anna materiell vert levert til biblioteket før lånefristen går ut.
 

Bli med på sommarles

Les bøker sjølv, eller finn nokon som kan lesa for deg.
Lesepass kan du henta på biblioteka i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Skriv titlane du har lese i lesepasset, sidetal og be om å få eit stempel når du leverer bøkene på biblioteket.

 

Lån til skular

Det er høve til å tinga bokkassar frå Sund folkebibliotek. Innhaldet kan vera alt frå spesielle emne i samband med ulike tema/ prosjekt, bøker tilpassa trinn/  gruppe eller ” lett blanda drops”  av skjønnlitteratur.
Slik kan du gjera det enklare for oss, samt yte elevar best mogeleg sørvis:
Ver ute i god tid.
Nokre gongar arbeidd fleire skular med same emne og då gjeld prinsippet: ”første mann til mølla”!
I nokre periodar av året er det meir hektisk enn andre. Tingingar me får inn vert effektuert etter kvart.
Lånetida er  8 veker.
Med kvar bokkasse følgjer det med oversikt over kva bøker som er lånt ut, og til kva avdeling/ trinn.
Ein ansvarleg vaksen må syte for at bøker og anna materiell vert levert til biblioteket før lånefristen går ut.
 

Klassesett

Hordaland fylkesbibliotek har klassesett for gratis utlån til grunnskulane i fylket. Meir info.

 

Vel møtt!
Sund folkebibliotek