Hopp til hovedinnhold
Utatilling Teikningar

Vinterferietilbod på biblioteket

Publisert av: KariF
Lagt ut: 22 februar, 2019 - 16:07
Kategori:
Nyhetstype:
Bibliotek:

Me utfordra skuleelvane på 1.-7 trinn i Øygarden til å teikna ny framside på favorittboka si. Resultatet er utstilt på biblioteket i heile vinterferien. 

75 fantastiske teikningar kom inn. Alle klassetrinn og alle skulane er representerte. Utstillinga viser ein god miks av kva skuleborn les i dag.

Megasuksessar som Amuletten, Harry Potter og Kattekrigerne er sjølvsagt med, men òg bøker om smurfar, prinsesser, fotball, hest, fisk og mykje, mykje meir.

Planen var å kåre fem vinnarar, men med så mykje kreativitet og kunstnarisk innsats, måtte me utvide til seks vinnarar, og likevel har me ikkje premiar til alle som har fortent det.

Mange av bøkene er utstilt saman med teikningane, så kan de samanlikna og sjå kven som har laga dei beste framsidene  - forlaga eller skuleelevane i Øygarden.

Kom og spel!

Øygarden bibliotek har vanlege opningstider heile vinterferien.  Her vert det aktivitetstilbod kvar dag.

Me set fram teiknesaker og puslespel. Her vert brettspel og me hentar fram fotballspelet!

Og sjølvsagt er dataspelrommet ope kvar dag.

Dei som vil nytte høvet til å studere i vinterferien, kan nytte leserommet. Der er det fire arbeidsplassar, og dør som kan lukkast.

 

Velkommen til biblioteket i vinterferien.

 

Helsing Kari og Elisabeth