Hopp til hovedinnhold
norsktrening

Vi treng frivillige til Språkkafe i Sund

Publisert av: bente.fosse
Lagt ut: 20 august, 2015 - 10:22
Nyhetstype:
Bibliotek:
Sund Røde Kors Fleirkultur i samarbeid med Sund Folkebibliotek ynskjer å bidra til integrering av flyktningar og innvandrarar i kommunen og legge til rette for gjensidig forståing og respekt.
Frå hausten 2015 vil vi gje tilbod om sosial og lærerik norsktrening kvar laurdag i lokala til Sund Folkebibliotek Vi treng frivillige i alle aldrar til denne aktiviteten
Ikkje pedagogisk, einaste krav er at du er over 18 år, er god i norsk, og at du trivs med å bli kjend med nye menneskjer.
 
Sjå her for meir info: www.rodekors.no/vart-arbeid/omsorg/sosial-inkludering/norsktrening/
 
Frivillige i Røde Kors får opplæring.
Ta gjerne kontakt med oss på telefon 906 46 875 eller e-post sundrk.flerkultur@gmail.com