Hopp til hovedinnhold
bygdebok3

Sund bygdebok band 3

Publisert av: bente.fosse
Lagt ut: 28 august, 2014 - 06:43
Nyhetstype:
Bibliotek:

Boka er ei gards- og slektssoge, og opplysningane i boka begynner på 1500-talet og er førte fram til 2014. Band 3 har om lag 650 sider og inneheld rundt 1200 bilete, som gjev eit variert inntrykk av folk, arbeidsliv og kulturlandskap. Det er tabellar, figurar, kart og register i boka. Ho omhandlar alle bustadene på matrikkelgardane nord på Toftarøyna, Stranda, Vorland og Kausland. 

Du kan tinga band 3 og få henne tilsendt ved å betala inn 450 kr til:

Sund kommune, Postboks 23, 5371 Skogsvåg, kontonummer 3628.5675035

Tillegg for porto: 1 til 4 bøker 170 kr.

NB! Denne prisen gjeld til 23. oktober 2014, etterpå er prisen 500 kr. Boka vert lansert på Stranda skule 6. november 2014 kl. 18. På lanseringskvelden er òg prisen 450 kr. Boka vert òg å få kjøpt i bokhandel, til 500 kr.

 blankett for innbetaling