Hopp til hovedinnhold
Tjeldstø barnehage

Strikkedugnad i Øygarden!

Publisert av: Maria
Lagt ut: 28 mars, 2017 - 14:40
Nyhetstype:
Bibliotek:

Det har vore deltakarar på strikketreff og fleire andre som har klirra med pinnane for å varme dei søte små i Øygarden. Det var dei flotte strikkebøkene på biblioteket som satte det i sving sidan dei fekk lyst til å prøve oppskriftene på småplagg. Og kvifor ikkje kombinere det med å gje borna varme og fargerike plagg som byteplagg her som dagane har fire sesongar?

Elna Haugen er frivillig og held tråden på strikketreffet annakvar torsdag på biblioteket på Rong senter. Der strikkar og heklar dei medan praten går friskt og latteren rungar. Dei har halde på i mange år med strikketreff, og det kjem glade strikkarar i alle aldrar sjølv om seniorane har størst oppmøte. Dei presiserar at det ikkje er alle som strikkar til dugnaden, det er sjølvsagt frivillig. Det er andre gongen at dugnaden, som kom i kjølevannet av strikketreffet, har munna ut i gavedryss til barnehagane. Anette Rong, som var tidligare frivillig på strikketreff, tykte det var så inspirerandre bøker på biblioteket og fekk lyst til å strikke til born. Sidan hennar born er store, så måtte det vere nokon andre som kunne få bruk for dei tenkte ho, og der kom ideen med barnehagane.

Sidan det blei så godt motteke i fyrste barnehagen, fortsette dei å strikke til dei hadde ein ny ladning. Det er kjekt å vite at kledene blir bruka, og kvifor ikkje strikka til lokale føremål seier Anette. Ho er takknemlig for velvilligheta til biblioteket som legg til rette for strikketreff. Her kan ein få hjelp til å lære seg å strikka og hekle, til og med venstrehandsstrikking er det råd med å lære seg her. Mange tek med seg eigne prosjekt som dei jobbar med og det er alltid kaffi og noko å bite i når ein treng ein pause.

Anette Rong tykkjer det er artig å få utfordra kreativiteten med nye oppskrifter og har alltid strikketøy klart når anledninga byr seg. På spørsmålet om det blir fleire dugnadar, svarar ho at det ser ho ikkje bort ifrå. Om det er nokon som vil vere med på dugnad, men ikkje kan kome på strikketreff, er det berre å skrive seg opp på biblioteket på Rong. Anette vil ta kontakt og organisere det om nokon har lyst til å vere med

Dei har tenkt på å lage eit ekstra strikketreff på kveldstid for å få med seg dei som ikkje kan kome midt på dagen, så det er berre å følge med. Kom gjerne til oss, her er det plass til alle! seier Elna og gjer oss eit stort smil.