Hopp til hovedinnhold
Sommarles, Sommerles

Sommarlesrekord i Øygarden!

Publisert av: KariF
Lagt ut: 6 august, 2019 - 12:35
Brukarnivå:
Kategori:
Nyhetstype:
Bibliotek:

No har me runda 150 000 (eit hundre og femti tusen!) leste sider til saman og framleis er det fleire veker att før me avsluttar Sommarles for i år. Mange har lese mykje, og nokre har lese veldig mykje! Dei har runda både level 40 og 50. Me har derfor bestemt oss for å premiere nokre av desse superlesarane, og tysdag 13. august trekkjer med ut to vinnarar mellom lesarane som har nådd level 40 eller høgare. De to vinnarane får gåvekort på to billettar kvar til kinoen på Sartor.

Det er berre å lese i vei! Kanskje klarer du òg å bli med i trekninga? Bøkene kan du låne på Øygarden bibliotek på Rong senter. Her finn du og kodeorda til sommarlesforteljinga.