Hopp til hovedinnhold
Sommarutstilling

Sommar på biblioteket

Publisert av: KariF
Lagt ut: 2 august, 2018 - 11:08
Kategori:
Nyhetstype:
Bibliotek:

SommarutstillingSjølv om det er august, held me framleis på sommarkjensla på biblioteket i Øygarden. I sommarutstillinga vår finn du sommarlett lesestoff i alle kategoriar. Her er det både kjærleik og krim, og somme gongar begge delar. Me har og sommaropningstid til og med veke 33. Då er det stengt onsdagar, og ope til klokka 18 torsdagar. Frå 20. august er me attende til normalen med ope kvar dag, og til klokka 19 på torsdagar. Velkommen til biblioteket på Rong senter.