Hopp til hovedinnhold
Babysong

Småbarnsmusikk kvar fredag.

Publisert av: Gro
Lagt ut: 22 januar, 2019 - 10:08
Kategori:
Genre:
Nyhetstype:
Bibliotek:

Fjell kulturskule tilbyr song for dei aller minste.

Småbarnsmusikk har som hovudmål å stimulera og ta i bruk det musiske i mennesket. I det nære samspelet mellom føresette og barn har vi dei beste føresetnadene for å utvikla og gleda oss i musikken. Mange unge foreldre har gløymt songane dei lærte som barn. På kursa våre vil du oppfriska gamle songar, rim og regler, og læra nye. Song, rytme, rørsle og dans blir "krydra" med enkle instrument og effektar.

Kvar fredag kl 12-12.45 

Påmelding: Meld deg på via nettsida til kommunen: www.fjell.kommune.no/kulturskulen

Tilbodet er gratis 2018-2019