Hopp til hovedinnhold
Øygardsgenseren

Øygardsgensaren - stem på din favoritt

Publisert av: Trude
Lagt ut: 18 oktober, 2018 - 18:26
Nyhetstype:
Bibliotek:

Ordførarane ønskjer at den nye storkommunen – Øygarden kommune – skal få sin eigen og nydesigna strikkejakke eller genser der mønster eller fargar/strikketeknikk skal symbolisera kystkommunane her vest.

Kommunane her vest har mykje til felles allereie før me vert ein samanslått kommune. Alt frå felles tradisjonar og tidlegare kystkulturhistorie til nyare tider med olje, innovasjon, havbruk og fiske.

Ein ny strikkejakke eller genser kan symbolisera kulturarven vår – ny og gamal – og ta oss med inn i framtida.

Innsendte forslag

I strikkekonkurransen er det kome inn seks forslag. Informasjon om dei ulike alternativa:

  1. Mønster og fargar både symboliserar og assosieras med dei tre kommunane sin felles identitet og tilhøyrighet som kystkommunar med maritime røter. Knyttar saman fortid, notid og framtid. Gensaren har ein stram komposisjon med elementer av klassisk design og nyvinning.
  2. Inspirert av kystkulturen – stein, hav og fisk. Motivet på gensaren er henta ut frå gamle kommunevåpen i tillegg til nytt. Dei gamle kommunevåpna er no historie, derfor er motiva bak på ryggen. Dei tre motiva framme viser at tre no er eit.
  3. Fargar: Himmel, hav, berg, knausar og lyngheiar. Vrangbord laga i fletter: Vi treng å bli fletta saman som kommunar og einskildpersonar. Dei ulike mønstra skal bli sett som abstrakte. Tradisjon; henta frå tidlegare Sotragensarar, sjølve landskapet, rikt pynta med lyngens nydelege fargar. Bølger, skyer, knausar og berg. Bruene – mellom øyane her ute og bruer som må bli bygd mellom alle oss som bur her.
  4. Blåfargen symboliserar sjøen og himmelen. Gråfargen viser svaberga. Med raudfargen på nausta kjenner vi på det ramsalte kystlandskapet og kystkulturen. Fyrtårnet i vest – kommunevåpenet kan brukast som lomme og plasserast der ein ønskjer.
  5. Havet og dønningane, som rullar og glir i kvarandre. Dag etter dag, år etter år, generasjonar etter generasjonar. Dei dannar eit “evigheits mønster”, og lusene i kofta er sett saman av tre prikkar som dannar ein einhet. Ein prikk for kvar kommune som estetisk sett ser ut som eit.
  6. Fargene er valgt etter inspirasjon frå Øygardsnaturen. Åtteblaroser går igjen i mange tekstilar i vårt  område. Borda med kors symboliserar den religiøse tanken.

Utstilling

Forslaga vert utstilt desse datoane på biblioteka i Sund, Fjell og Øygarden kommunar:

  • Fjell folkeboksamling 22. - 29. oktober
  • Sund folkeboksamling 30. oktober - 5. november
  • Øygarden folkeboksamling 6. -14. november 

Stem på din favoritt!

Du kan stemma ved bibliotekene i kommunen, eller elektronisk her innan onsdag 14. november 2018.

 Stem her