Hopp til hovedinnhold
ebokbib

Nytt om ebøker og elydbøker i biblioteket

Publisert av: Trude
Lagt ut: 17 februar, 2018 - 10:55
Brukarnivå:
Nyhetstype:
Bibliotek:

Det har kome nye, nasjonale reglar for utlån av e-bøker frå 2018. Dette har nokre konsekvensar for tilbodet i biblioteka i Hordaland, mellom anna at vi no endeleg kan tilby utlån av e-lydbøker.


Nye nasjonale utlånsreglar
Dei nye nasjonale reglane gjer det mykje dyrare for bibliotek å låne ut nye e-bøker, noko som får konsekvensar for innkjøpspolitikken vår. Nye e-bøker er i denne samanhengen e-bøker som er utgitt for mindre enn to år sidan. Med ein gong denne toårsgrensa vert passert, blir alle titlane tilgjengelege for lånarane.
Breiare utval
Du som lånar får tilgang til mange fleire e-bok-titlar enn tidlegare. Over 7500 av desse titlane er bøker som vart utgitt for meir enn to år sidan, og som difor ikkje har like stort salspotensial lenger. For desse titlane er du ikkje avhengig av at biblioteka har valt å kjøpe dei inn. Heile basen med «eldre» e-bøker er tilgjengelege, og det er lånarane som bestemmer kven av desse titlane biblioteket betaler for når dei vel kva dei vil låne.
Sjølv om bøkene ikkje lenger er nye, er dei framleis like gode. Lån ei av dei du aldri rakk lese medan ho var ny!
Bokforsider
Bøker som var populære for kort tid sidan
Populære bøker
 
 
Lån ei digital lydbok
 
Vi veit at mange av brukarane våre har venta lenge på at vi skal begynne å låne ut digitale lydbøker, og no kan vi endeleg gjere det. Utvalet er førebels svært lite, men vi er i gang!
 
Lengre ventelister på det nyaste
Fordi det har blitt mykje dyrare for biblioteka å låne ut nye e-bøker, må vi kjøpe inn færre nye titlar og færre lisensar/eksemplar av kvar enkelt tittel. Dette vil truleg føre til at du må vente lenger om det er det nyaste og mest etterspurde du vil låne.
Oppdater eBokBib til versjon 4
Det systemet vi nyttar til utlån av e-bøker er eBokBib-appen. Du finn den nyaste versjonen i AppStore eller GooglePlay der du lastar ned dei andre appane dine. Du må ta i bruk den nyaste versjonen for å få tilgang til det breie utvalet av eldre utgjevingar og dei digitale lydbøkene biblioteka i Hordaland har kjøpt inn.
Nye funksjonar
•Du kan velje å lagre titlar du låner i historikken din.
•Du kan lagre bøker i ei huskeliste når du finn noko du vil låne seinare. Denne huskelista holder av ein plass i reserveringskøen for deg, slik at du kjem lenger fram i køen når du seinare flytter boka frå huskelista til reserveringslista (om det er venteliste på boka).