Hopp til hovedinnhold
Bookbites

Nytt om ebøker

Publisert av: Trude
Lagt ut: 14 mars, 2019 - 13:31
Brukarnivå:
Genre:
Nyhetstype:
Bibliotek:

eBokBib, det utlånssystemet vi har no, vil bli avvikla i løpet av 2019, og vi må ta i bruk eit nytt system. Det nye systemet  blir mest sannsynleg Bookbites, som du kan nytta allereie no. Vi vil gjerne at brukarane våre skal få vere med å påverke utviklinga av utlånssystemet for e-bøker.

Bookbites kan du nytta  på nettbrett og mobile einingar som nyttar operativsystema iOS eller Android (last ned fra App Store eller Google Play) .

Du må oppretta ein brukar i Bookbites fyrste gong du registrerer deg, og du får tilgang via e-postadresse og passord.

I Bookbites vil du kunne låna, reservera og lesa bøker slik du er van med fra eBokBib. Alle reserveringer vil bli overført fra eBokBib til Bookbites, slik at du ikke mister dei.

Ta kontakt med dei tilsette på biblioteket dersom du har spørsmål om Bookbites og ebøker.

Meir informasjon finn du her:
https://edu.bookbites.com/no/bibliotek-funksjoner/

OBS! Ebokbib vil fungera som vanleg  virka fram til 1. januar 2020.

 

Vil du hjelpe oss med å teste Bookbites?

I så fall er det deg vi er på jakt etter. Det har kome ein ny utlånsapp på marknaden, og vi trur han kan ha nokre fordelar for e-bokbrukarane. Vi har bestemt oss for å tilby to ulike leseplattformer (appar) fram til sommaren 2019.

Bookbites har funksjonar som skal støtte opp under den gode leseopplevinga, og motivere deg til å lese vidare. Appen har også integrerte hjelpemiddel for ulike lesevanskar, til dømes dysleksi.

Dersom du allereie les e-bøker, eller har lyst til å prøve dette, er det berre å setje i gang. Vi vil setje stor pris på om du gjev oss nokre ord om kva du synest fungerer bra og kva du ikkje er nøgd med. Du kan anten seie noko om dette til dei tilsette på biblioteket ditt, eller sende nokre ord i ein e-post til kari.skibenes@hfk.no.

Eventuelle innspel frå brukarane vil bli vidareformidla til utviklaren, og bidra til at systemet vert best mogleg.

Gå til Youtube for å sjå ein video om korleis du kan kome i gang med Bookbites.