Hopp til hovedinnhold
Buss

Ny kommune - kva no? Debatt i biblioteka

Publisert av: KariF
Lagt ut: 27 september, 2019 - 13:42
Brukarnivå:
Kategori:
Nyhetstype:
Bibliotek:

I oktober set biblioteka i Øygarden Fjell, og Sund søkjelyset på den nye storkommunen Øygarden. Debatten på Rong var den første av i alt tre debattar om framtida i Nye Øygarden. No er vi klare for Straume og Skogsvåg
Har du synspunkt på den nye kommunen? Vil du dele uro, tankar og håp eller berre høyre kva andre meiner?  Kom på biblioteket og delta i ordskiftet!


Neste debatt blir:
17. oktober i Fjell folkeboksamling på Straume:
TEMA: I kø på Straume? Kommunikasjon og samferdsle i den nye kommunen
I panelet: : Tom Georg Indrevik, ordførar frå Høgre i nye Øygarden kommune, Maria Thomassen, kommunestyrerepresentant for MDG i nye Øygarden kommune og Kristian Amlie frå teknologi- og kommunikasjonsbyrået Bouvet.

Siste debatt blir:
24. oktober i Sund folkebibliotek i Skogsvåg:
TEMA: Strileidentitet anno 2020 - kva er det? Naust eller nyskaping?
Vivian Steinsland, vinnar av Johannes Kleppeviks minepris 2019, Kjell Magnus Økland, dagleg leiar for Stiftinga Kystkultur no!, ein elev frå Sund ungdomsskule.

Alle debattane startar klokka 19.
Enkel servering.

Alle er hjarteleg velkomne, og arrangementa er gratis.