Hopp til hovedinnhold
meirope

Meirope bibliotek i Sund: kvar einaste dag heile året frå 08.00-22.00

Publisert av: bente.fosse
Lagt ut: 19 april, 2017 - 12:20
Kategori:
Nyhetstype:
Bibliotek:

Velkommen til høgtidleg opning av meirope bibliotek tysdag 25.april kl.14

Når du har fått oppgradert lånekortet ditt har du tilgang til biblioteket utanom opningstidene. For deg vil biblioteket vere meir ope enn tidlegare.

Som brukar av meirope bibliotek kan du:

. Nytte deg av lokala

. Låne, levere, hente og reservere

. Lese og finne informasjon

. Gjere lekser

. Møte vener

. Bruke pc- ar (dei publikum har tilgang til)

. Bruke det trådlause nettet

 

Korleis brukar du meirope bibliotek?

Du kjem inn i biblioteket når du skannar lånekortet ditt ved inngangen og tastar inn koden din. Du kan bruke det fysiske lånekortet ditt eller lånekortet i Bibliofil- appen.

Når du skal levere, låne eller fornye, nyttar du automaten i lokalet. Les instruksjonane på skjermen og gjer som bileta viser. Du kan ikkje ta noko materiale ut av biblioteket utan å låne det på automaten.

Du må vere over 18 år og ha nasjonalt lånekort.

Som brukar av meirope bibliotek må du rette deg etter biblioteket sine reglar for god orden.

Alle som nyttar Sund folkebibliotek, skal oppleve at biblioteket er ein god plass å vere, til glede og nytte for alle. Vi krev ikkje anna enn vanleg god folkeskikk.

Lånar skal rydde etter seg og elles ta omsyn til andre som nyttar biblioteket.

Vi godtek ikkje bruk av rusmiddel av noko slag.

Biblioteket er videoovervaka. Hærverk og tjuveri vert politimeldt og lånar vert økonomisk ansvarleg.

…………………………………………………………

Kven kan hjelpe?

Når biblioteket er meirope, må du klare deg på eiga hand. Viss du treng hjelp frå bibliotekfolka, må du møte dei i opningstida.

Stengetid

Det vert gitt beskjed over høgtalar 15 minutt før biblioteket stenger.

Om du oppheld deg i biblioteket når ordinær opningstid er over, må du forlate lokalet og bruke kortet og koden for å komme inn igjen.

Når du går frå biblioteket, må du sjekke at døra er låst.