Hopp til hovedinnhold
Påskelektyre

Lesetips for påska

Publisert av: KariF
Lagt ut: 5 april, 2019 - 12:52
Nyhetstype:
Bibliotek:

Krim er påskesjangeren i Noreg og her er litt av det Biblioteka i vest har å freista med:

  1. Ny britisk krim: I fjor kom C. J. Tudor si bok «Krittmannan» på norsk.  Boka vart nyleg kåra til fjorårets beste omsette krim. I god tid før påske kom neste bok på norsk. Tittelen er «Gullungen».  - Minst like god som førre, seier nokon. – Avhengighetsskapande, seier andre.  Dette er ikkje ein serie, så bøkene kan lesast uavhengig av kvarandre.   
     
  2. Lesverdig frå i fjor: Kanskje var det Unni Lindell som vart mest overraska over at ho vart tildelt Norges mest prestisjetunge krimpris, Rivertonprisen, for boka «Dronen». Det er andre gongen Lindell får prisen og ho kjem då i same eksklusive selskap som mellom andre Gunnar Staalesen og Jon Michelet. I «Dronen» er det Lindells nye etterforskar, Marian Dahle, som løyser saka, men Cato Isaksen spelar framleis ei rolle, forsikrar forfattaren.
     
  3. Klassikaren: Kva er den beste krimboka som er skriven? Dei lærde stridast. I mellomtida kan du prøve deg på sjølvaste krimdronninga – Agatha Christie. «And then there were none» heitte opprinneleg «Ten little niggers». På norsk: «Ti små negerbarn». Det er ikkje ein gangbar tittel i 2019, og då boka kom i nytt opplag for nokre år sidan, var han endra til «Og dermed var det ingen».  Men innhaldet og forfattaren si umiskjennelege klo er framleis der. På biblioteka her vest har me utgåva med den opprinnelege tittelen.
     
  4. Barnehagekrim: «Hvor er påskeegget?» av Lars Mæhle og Odd Henning Skyllingstad er endå eit mysterium frå Kråkeslottet barnehage. Tidlegare har barnehagebarn funne ut av både kven som er bolletjuvane, kvar det er blitt av alle sokkane og kvar det vart av pølsene, for å nemne nokre. No er det gul fest i barnehagen, og Elin og  Sven Ingvar har gøymt eit påskeegg fullt av godteri. Men kvar er det? Leon og Live tar saka. 
     
  5. Krim for litt større barn: Hanne Kristin Rohde var tidlegare leiar i Oslo-politiet. Ho har hatt suksess som krimforfattar for vaksne , og no er ho i gang med ein ny serie for barn. «Blålys» heiter han, og den første boka i serien er på plass på biblioteka. Hovudpersonen i «Pyramidemysteriet» er 13 år gamle Astrid og vennen Yosuf som saman prøver å finne ut kven som har skada hesten hennar. Slik kjem dei på sporet av farlege kriminelle. Frå 9 år og oppover.
     
  6. Krim for ungdom: Thomas Enger har lenge skrive spanande for unge og vaksne. No er han ute med ein ungdomsroman om eit tenkt skrekksamfunn. Kvinner og barn har forsvunne frå «Enkebyen» og hovudpersonen Stella oppdagar at ho er i livsfare berre fordi ho er jente. Boka kan lesast som ein kommentar til mykje av det som skjer i verda i dag – som flyktningkrisa, klimaproblematikken og Me too-debatten. Thomas Enger har skrive sin første dystopi.  - Ein internasjonal bestseljar, spår VG.
     
  7. Meir for ungdom: «Alt jeg skylder deg er juling» er tittelen på Arne Svingens ferskaste ungdomsroman. Hovudpersonen Herman er 17 år. Han slår. Han føler han har rett til å gje andre juling, men Herman har òg etiske grenser. Han sparkar ikkje folk som ligg nede. Herman har fleire  sider.  Han vil for eksempel  gjerne imponere mor, og han forelskar seg i Silje. Dette er ein hardslåande og brutal roman. - Ei av dei beste bøkene av Svingen så langt, skriv Barnebokkritikk. 
     
  8. Ikkje akkurat krim, men like spanande: Eit dødeleg virus er i ferd med å utrydde millionar av menneske. Korleis reagerer me? Og samfunnet? Kva går føre seg i kulissane i dei store organisasjonane?  «Som pesten» av danske Hanne-Vibeke Holst er beskrive som ein høgdramatisk spaningsroman om mennesket på kanten av katastrofen.
     
  9. Teikneserie:  Høyrt om Josef Yohannes og «Urban Legend»? Siste veka før påske vitja teikneserie forfattaren som har skapt ein heilt ny superhelt, biblioteka i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.  Mange ungdommar møtte den norske forfattaren med dansk-eritreisk bakgrunn. Han sakna ein farga superhelt, og skapte han sjølv. No skal superhelten hans, Malcom, inn i skulen. «Urban Legend»-serien er gitt ut i to bøker.
     
  10. Quiz - for dei som kan alt, eller gjerne vil trimme også hjernen i påska: Her nokre nye og nokre eldre quiztitlar. Dette er gøy. 
    For små og store på hytta:  «Barnas beste quiz»
    For dyreinteresserte:  «Quiz om all verdens dyr»
    For Grad Prix-interesserte: « Eurovision Song Contest quiz»
    For strilar i alle aldrar: «Strilequiz : spørjebok for strilar og anna godtfolk»