Hopp til hovedinnhold
Sommarles

Lesekampanje for ungdom i Fjell-skulen

Publisert av: Trude
Lagt ut: 11 juni, 2019 - 13:00
Brukarnivå:
Nyhetstype:
Bibliotek:

Veit du at lesing gjer deg smartare? Ikkje berre utvidar lesing ordforrådet og betrar språket ditt. Fantasien din blir rikare og evna til å setje deg inn i andre sine kjensler vert større. Masar mamma og pappa om at du bør legge vekk telefonen og heller lese ei bok? No har du høve til å overraske dei.

Kva slags bøker likar du best å lese? Actionfylte spaningsbøker, skumle grøssarar, bøker som kastar deg inn i ei anna tid, eller kanskje likar du best bøker som handlar om forelsking? Det finst eit hav av tema å velje mellom, det viktigaste er at du finn ei bok som du har lyst til å lese i sommar. På denne sida finn du tips til gode ungdomsbøker som du kan leige på biblioteket. Hugs å registrere bøkene dine etter kvart som du les dei her.

Les meir om kampanjen: https://stoltaveigesprak.blog/

 

Følg oss på Insta!

Følg oss på Instagram for gode lesetips og leseinspirasjon. Ta gjerne bilete av boka du les og bruk emneknaggen #sommarlesing2019. Kven veit, kanskje postar vi biletet ditt?