Hopp til hovedinnhold
Lesetimen

Les i ein time!

Publisert av: KariF
Lagt ut: 15 mai, 2019 - 14:47
Nyhetstype:
Bibliotek:

I år er det 500 år sidan den første norske boka vart trykt. Derfor markerer biblioteka Bokåret 2019 – ei feiring av både boka, lesinga og – ikkje minst - lesarane.

No inviterer Bokåret 2019 alle til å vere med på Lesetimen torsdag 23. mai. Dropp Dagsrevyen og andre gjeremål og set av timen mellom klokka 19 og 20 til lesing. Du kan lese kva du vil – romanen du aldri vart ferdig med, ei novelle du har lese før, ei krimbok du skulle ha lese ferdig eller kva med høgtlesing for dei minste, eller eldste, i familien?

Det spelar inga rolle kvar du les – heime i godstolen, ved kjøkenbordet, på bussen eller i bilen medan du ventar på at nokon skal komme. Sjølv har eg tenkt meg til Skogsøy i Øygarden og den nye dagsturhytta der.

Vinn tur til Frankfurt

Drøymer du om ein tur til Frankfurt og bokmessa der i oktober?

Alt du treng gjere, er å leggje ut eit bilete av kva du tenkjer å lese på Lesetimen på sosiale medier og merke med #lesetimen.

Då vert du med i trekninga av ein tur til det som er verdas største bokmesse, i Frankfurt 18.-20.oktober. I år er Norge hovudland på messa. Her kan du treffe norske og internasjonale forfattarar, oppleve kunst, teater og musikk – du får ei heil helg i Frankfurt! Premien er billettar, fly og hotell for deg og ein til.

Konkurransen er eit samarbeid mellom NORLA (Norwegian Literature Abroad), som organiserer prosjektet Norge som Gjesteland ved bokmessa i Frankfurt (@norwegen2019) og Bokåret 2019.

Vinnarane vert trekt den 24. mai!