Hopp til hovedinnhold
kvinner

Kvinnekamp i litteraturen

Publisert av: bente.fosse
Lagt ut: 28 februar, 2019 - 08:56
Nyhetstype:
Bibliotek:

8. mars og kvinnedagen. I det høvet set vi søkelyset på likestillingskampen.

Tema i litteraturen

På 1970-talet vart tema som abort, homofili, kjærleik, familieliv, arbeidsvilkår og patriarkatet tatt opp i litteraturen med større kraft enn nokon gong tidlegare. Kvinnelege erfaringar som før vart avvist som personlege og trivielle, fekk politisk og eksistensiell vekt. Ei rekke forfattarar førte ein litterær kvinnekamp som gjekk på tvers av generasjonar, og som endra den norske litteraturen i åra som følgde.

Du kan lese alle bøkene og fleire til i Bokhylla. Klikk på bokframsidene for å gå direkte til den enkelte boka.

Bokomslag med lenke til Opp alle jordens homofile av Gerd Brantenberg Bokomslag med lenke til Jenny har fått sparken av Toril Brekke i Bokhylla.no Bokomslag med lenke til Viviann, hvit av Kari Bøge i Bokhylla.noBokomslag med lenke til Historien om Eli av Liv Køltzow i Bokhylla.no

Bokomslag med lenke til Hard, mjuk av Eldrid Lunden i Bokhylla.no Bokomslag med lenke til Kjønnskrift av Karin Moe i Bokhylla.no Bokomslag med lenke til Det kvinnelige mennesket av Nina Karin Monsen i Bokhylla.no Bokomslag med lenke til Sug av Cecilie Løveid i Bokhylla.no

Vil du heller lese noko nytt?

Eldrid Lunden er ein av dei gamle travarane vi trekk fram frå bokhylla i førre avsnitt. I 2019 er ho nominert til Nordisk råds litteraturpris for diktsamlinga Det er berre eit spørsmål om tid.

Sjekk også ut e-bok-utvalget vårt, eller sjå kva du kan finne i biblioteket si samling.