Hopp til hovedinnhold
Kongeleg gullbryllaup

Kongeleg opning på hausten

Publisert av: KariF
Lagt ut: 27 august, 2018 - 08:56
Brukarnivå:
Kategori:
Nyhetstype:
Bibliotek:

Kom innom biblioteket og kikk i vekeblada som dekka det kongelege bryllaupet for 50 år sidan.

 

Me har pakka vekk sommaren på biblioteket og startar hausten med kongeleg vri.

Onsdag 29. august feirar kongeparet gullbryllaup og på Øygarden bibliotek feirar me saman med dei. Me har henta fram bøker om dei kongelege og funne fram eit par av vekeblanda som kom med spesialutgåver i høve bryllaupet. Utstillinga står heile veka. 

Leseaksjonen Sommarles har sett sitt preg på biblioteket denne sommaren, men frå september er det slutt. Då ryddar me barnebøkene på plass i hyllene og haustar inn bøker frå den rikhaldige samlinga i biblioteket. Kom innom og plukk med deg det du treng – det handlar om markens grøde, både i praktisk og litterær forstand.

"Alle andre" har det, men ikkje Øygarden. Men no skal det endeleg skje. Øygarden skal få si eiga bygdebok. 27. september kjem leiar i Øygarden sogelag, Kjell Alvheim, til biblioteket for å fortelje om prosjektet. Han krydrar med historiar om korleis me levde her vest i havet i gamle dagar.

Verdsdagen for psykisk helse vert markert i oktober og på biblioteket markerer me dette med eit eige arrangement. Tema i år er «Ver raus». Dagen er måndag 15. oktober.

Siste fredagen kvar månad kan det verte livleg på biblioteket. Då har me invitert førskuleborna i kommunen til lesestund. 

Dette er berre smakebitar av det som skjer på biblioteket i haust.

Men først inviterer vi til kongeleg markering.

Velkommen til Øygarden bibliotek.