Det er ikkje for seint å hente seg eit Kystpass eller fleire eller låne seg ei påskebok, men frå og med onsdag tar biblioteket påskeferie. Opnar att tysdag etter påske klokka 10 - som vanleg .Treng du lesetips for påska, finn du nokre her:
http://www.bibvest.no/news/lesetips-for-paska
Eller du kan låne deg ei quiz-bok - det er ikkje berre kroppen som treng trim desse fine vårdagane, og quiz kan like gjerne nytast utandørs, som i omnskroken.
Punktutstillinga om gåsenebbkvalen som vart funnen full av plast ved Vindenes i Fjell, står framleis i biblioteket. Halvparten kan du sjå frå utsida, men skal du få med deg alle plansjane, må du komme inn.
Har du tenkt å gå ein tur i påska, kan du like godt ta med deg det nye kystpasset for Fjell, Sund og Øygarden. Dei første som hentar på biblioteket i Øygarden får både Kvikk Lunsj og appelsin med til turen. Me deler ut så lenge lageret rekk.
God påske frå oss på Øygarden bibliotek.