Har du lyst å gå på nye stiar i sommar? Bruk det nye Kystpasset for Fjell, Sund og Øygarden. Her finn du 30 fine turar i regionen vår, frå dei heilt lette, til dei meir krevjande. Kystpasset får du m.a. på biblioteka.
Du finn også 16 turar i regionen på nettsida www.ordispor.no Her får du sjå ein liten filmsnutt frå turen, bilde, og turskildring. I tillegg ser du flyfoto, der ruta er teikna inn.
Bruk sommaren til å bli skikkeleg sprek, så kan du sjå hausten trygt i møte.
Er du lur, lånar du også med deg ei god bok, så kan du sitta på eit svaberg ytst mot havet, og nyta god litteratur.