Hopp til hovedinnhold
Advent Jul tre

Førjulstid på biblioteket på Rong

Publisert av: KariF
Lagt ut: 29 november, 2019 - 16:08
Nyhetstype:
Bibliotek:

 

Peparkake-øya

Tradisjonen tru har me peparkakeutstilling på biblioteket. I år er temaet Øygarden – både før og no. Bergen har den største peparkakebyen i verda, men me har verdas einaste peparkakeversjon av Øygarden. Alle byggverka er laga av barnehage- og skuleborn her i kommunen.

Utstillinga står til over nyttår.

I vindaugo ut mot senteret heng glasmåleri. Dei er laga av 6.-klassingane i kommunen og er regi av kyrkjekontoret.

Inne på biblioteket har me laga ein eigen julekrok med bøker, filmar og eit eige adventstre der 24 hjarte gir deg tips til førjulsaktivitetar og bøker du kan lese. 

Laurdagsopen juleverkstad

Laurdag 7. desember er det juleverkstad på biblioteket frå klokka 11 til 14. Her kan små og store utfalde kreativiteten. Alle er velkomne, men dei minste bør nok ha med ein vaksen til å hjelpe seg.

Biblioteket er ope frå 10 til 15 den dagen, slik at dei som ikkje rekk biblioteket til vanleg kan stikke innom og nyte peparkakeøya.

Biblioteket på Rong senter har vanlege opningtider heilt fram til vetlejulafta. Me har og ope fredag 27. og måndag 30. desember, men stenger julafta og nyttåsafta.

Velkommen til juletid på Øygarden bibliotek.