Hopp til hovedinnhold
Lesing

Folkebiblioteka mest populære

Publisert av: Trude
Lagt ut: 11 juni, 2015 - 16:57
Brukarnivå:
Kategori:
Nyhetstype:
Bibliotek:

Innbyggjarundersøkinga som i går vart lagt fram av Difi (Direktoratet for forvalting og IKT), viser at folkebiblioteka er den mest populære offentlege tenesta i Noreg. Undersøkinga viser at biblioteka står sterkt i heile folkesetnaden og vert sett stor pris på av dei som bruker tenesta. Biblioteka deler førsteplassen med brannvesenet – begge fekk 88 av 100 mulege poeng av brukarane sine.

– Dei norske folkebiblioteka er ei suksesshistorie. Det at eit offentleg tenestetilbod oppnår så høg grad av tilfredsheit er unikt og bør vera ei oppmuntring for lokalpolitikarar i heile landet til å styrkja og utvikla bibliotektenestene sine vidare, seier direktør i Nasjonalbiblioteket Aslak Sira Myhre.

På dei fleste delområde viser undersøkinga svært høg tilfredsheit med folkebiblioteka. Det gjeld område som tilgjengelegheit, tilbod og service. Funksjonen til biblioteket som møteplass og kultur- og arrangementsarena har meir å seia enn ved førre undersøking frå 2013  

Saksa frå Framtida.no