Hopp til hovedinnhold
Boktips: Vi ses i morgen av Tore Renberg

Boktips: Teksas-trilogien av Tore Renberg

Publisert av: ELB
Lagt ut: 8 mars, 2019 - 10:58
Brukarnivå:
Nyhetstype:
Bibliotek:

«Det er ikke de kriminelle som står for drapene i samfunnet. Det er det kjærligheten som gjør».

I Teksas-trilogien møter vi den småkriminelle Hillesvågjengen og får ta del i deira liv gjennom oppdrag dekka bak det «velrenommerte» flyttebyrået Marie Romoving. Vi kjem tett på dei tre hovudpersonane og det samansette persongalleriet gjennom rike karakterskildringar.

Dette er historier om liv på sida av A4-samfunnet; sårheit og fortviling avløysast av humor og varme. Råskapen kjem godt fram gjennom eit munnleg språk og mange dialogar. Trilogien er som ei mektig kake. Du tenker du ikkje klarar meir, men etter ei lita stund må du berre ha ein bit til.

Lån bøkene på biblioteket!

(Teksas-trilogien av Tore Renberg: Vi ses i morgen - Angrep fra alle kanter - Skada gods).

Boktips: Vi ses i morgen av Tore Renberg

Boktips: Angrep fra alle kanter av Tore Renberg

Boktips: Skada gods av Tore Renberg