Hopp til hovedinnhold
Boktips: Nørd av Mina Lystad

Boktips: Nørd av Mina Lystad

Publisert av: ELB
Lagt ut: 21 juni, 2019 - 14:44
Brukarnivå:
Nyhetstype:
Bibliotek:

Kunne du blitt ein internett-hit? Det er utfordringa til Marie, når ho får i skuleoppgåve å lage noko som «tek av» i sosiale media. Ho er jo heilt vanleg. Viss ho skal prøve å vere kul så blir det berre klønete og teit.

Nettopp derfor foreslår bestekompisen, Espen, å filme  Marie som klønar ting til. Og det blir ein kjempehit! Plutseleg får Marie sjansen til å bli populær. Men kor mykje er ho villig til å risikere for å holde på populariteten?

Likte du bøkene om Superbitchene, så er kanskje dette ei bok for deg. Morosamt, sårt og gjenkjenneleg om den tidlege ungdomstida.

Boktips: