Hopp til hovedinnhold
Boktips: Kvinner i kamp av Marta Breen og Jenny Jordahl

Boktips: Kvinner i kamp av Marta Breen og Jenny Jordahl

Publisert av: ELB
Lagt ut: 12 april, 2019 - 13:07
Brukarnivå:
Nyhetstype:
Bibliotek:

Har du tenkt over kor mange utrulig tøffe damer som har komme før oss? I denne boka tek Marta Breen og Jenny Jordahl for seg kvinnekampens historie gjennom 150 år; frå Harriet Tubman sin kamp for slavar på 1800-talet, suffragettene på 1900-talet og fram til Malala i dag. Kampen for kvinners stemmerett, rett til utdanning og til å bestemme over eigen kropp er ikkje noko som kom av seg sjølv, og denne boka viser nettopp dette.

Fantastisk illustrert av Jordahl har dette blitt ei fascinerande og lærerik bok om evig aktuelle tema. Boka er skrive for ungdom, men passar godt for vaksne lesarar også.

Lån boka på biblioteket!

Boktips: Kvinner i kamp av Marta Breen og Jenny Jordahl

Kvinner