Hopp til hovedinnhold
Boktips: Eg snakker om det heile tida av Camara Lundestad Joof

Boktips: Eg snakkar om det heile tida av Camara Lundestad Joof

Publisert av: ELB
Lagt ut: 28 juni, 2019 - 11:58
Brukarnivå:
Nyhetstype:
Bibliotek:

Det er 17. mai og du har på deg verdas finaste barnebunad. Den har gått i arv i familien - endeleg er det din tur. Du er så stolt! Heilt til ei framand dame daskar til deg og seier: «Skam deg! Du fortener ikkje å gå med bunad!»

Dette opplevde Camara Lundestad Joof. Ho er halvt gambisk, og det var nok til at denne dama ikkje såg på ho som norsk nok til bunaden sin.

Joof skriv medrivande og personleg om rasismen ho fortsatt opplev dagleg. Korleis påverkar det livet hennar? Korleis siv det inn i måten ho snakkar og tenker på? Lettlesen, engasjerande og viktig bok!

Boktips: