Hopp til hovedinnhold
Sommarles, Sommerles

Bli med på Sommarles 2019

Publisert av: KariF
Lagt ut: 28 mai, 2019 - 08:50
Brukarnivå:
Kategori:
Nyhetstype:
Bibliotek:

Frå 1. juni kan du melda deg på Sommarles 2019.  

Nytt i år er at du også kan følgje og konkurrere med vener på sommarles. Du kan også sjå kva venene dine har lese, kva dei meiner om bøkene og på denne måten få lesetips. Ein må vite det eksakte brukarnamnet for å vera vener og kan slå av denne funksjonen om ein ønskjer det. 

Sommarles er ein digital lesekonkurranse for å motivere born til å lese i sommarferien! Ein kan velje å lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar eller få nokon til å lese høgt for deg.  Borna, med hjelp frå føresette, registrerar seg digitalt på www.sommarles.no. Opprettar sin eigen brukar der ein registrerer bøker ein les i løpet av ferien. Hovudfokuset er lesing, men borna møter også ein spel-verden, der dei får digitale trofé etter kvart som dei registrerer bøker. Dei fleste  trofé er i gull, sølv og bronse og det finaste trofeet er diamant  Etter kvart som ein registrerer bøker får ein XP, som er digitale poeng, og ein avanserer i level.

Forfattar og lærar Mari Moen Holsve har skrive ei forteljing tilpassa sommarles. Kvar veke kjem det eit nytt kapittel. Dette kan borna velje om dei vil lese eller lytte til. Ein får ekstra XP for å lese forteljinga og svare på spørsmål knytt til kapittelet etterpå. I tillegg kan ein hente eit kodeord til kvart kapittel for ekstra XP. Nytt kodeord vert hengt opp på biblioteket kvar veke. Kodeorda er dei same over heile landet, så de finn dei same kodeorda på biblioteka i Askøy, i Fjell, Sund og Øygarden.

Når ein oppnår level 10, 20 og 30 får borna ein premie som dei kan hente på biblioteket. Då  får ein beskjed på eigen profil at dei har ein premie som kan hentast. Henting av premie er eit fint høve til å låne nye bøker for ferien.

Vi håpar å sjå dykk innom biblioteket i sommarferien og ønskjer dykk med dette ein god lesesommar!

Lurer du på kva du skal lese? Her finn du boktips: 

Boktips for 1. og 2. klasse

           - Kysseleken

           - Lesehunden

Vilma-serien (passar som høgtlesing)

            - lesedilla

            - skoledilla

            - fantasidilla

            - tanndilla

Boktips for 3. og 4. trinn (for dei yngste øvst)

Boktips for 5. – 7. trinn

  • Verdens verste: 

fotballag

leirskole

venn

bursdag

- ferie

rektor