Hopp til hovedinnhold
Kommunikasjon

Babbel frå bibel og båt – strømma arrangement for språkinteresserte

Publisert av: ELB
Lagt ut: 22 mai, 2018 - 11:34
Brukarnivå:
Kategori:
Nyhetstype:
Bibliotek:

Visste du at «typiske» norske ord og uttrykk som babbel, ulv i fåreklær og kreti og pleti eigentleg kjem frå Bibelen og har røter i Midtausten? Og når vi skværar opp, stablar ting hulter til bulter, eller ikkje forstår ein døyt, låner vi orda frå ein europeisk sjøfartskultur?

I morgon, onsdag 23. mai, kl. 19.00 strømmer Nasjonalbiblioteket eit arrangement om korleis det norske språket er eit resultat av gjensidige og kontinuerlege påverknader, kunnskap og impulsar på kryss og tvers av språk og landegrenser.

Filolog Kristin Fridtun, språkprofessor Helene Uri og samtaleleiar Hilde Østby tar oss med på ei geografisk og språkleg rundreise i den norske ordhistoria.

Klikk her for å følgje arrangementet frå Nasjonalbiblioteket heime i di eiga stove.