Hopp til hovedinnhold
Vigdis Hjorth

Vigdis Hjorth. Å finne seg sjøl

tor, 21/11-2019 19:00
- Gratis

Calendar

21
nov
Varer til: 21 november
Forfatter: Trude
Brukarnivå:
Genre:

Vigdis Hjorth kjem til Fjell folkeboksamling i haust, for å fortelja om forfattarskapen sin! Ho kjem til å ha mest fokus på dei to seinaste bøkene sine: Arv og miljø frå 2016 og Lærerinnens sang frå 2018.

Med boka Fransk åpning (1992) fekk Vigdis Hjotrh rykte på seg som ein erotisk forfattar. Etter kvart har bøkene hennar vist at ho er mykje meir enn det. Minst like mykje handlar bøkene om grunnleggjande eksistensielle spørsmål.

Dei fleste hovudpersonane hennar føler seg framandgjorte i høve til verda og andre menneske. Hovudpersonen i Et norsk hus (2014) lir til og med av "menneskefobi". Hovudpersonana hennar må ikkje berre freiste å finne tilbake til andre menneske, men å finne tilbake til seg sjølve. Det handlar om å finne fram til noko som kan gje livet meining igjen.

Hjorth har aldri lagt skjul på at ho aktivt nyttar eigne opplevingar som stoff i bøkene sine. Som i Tredve dager i Sandefjord (2011), der hovudpersonen sonar ein promiledom, noko Hjorth sjølv har vore open om at ho har gjort. Med boka Arv og miljø (2016), som handlar om problematiske familieforhold, oppstod det ein stor diskusjon om kor tett på eige liv forfattarar kan gå før det blir eit problem. Likevel har ho alltid insistert på at ein først og fremst må lese bøkene som fiksjon og romanar.

Vi gler oss til å ta imot Vigdis Hjorth i Fjell folkeboksamling 21. november.

Foto: Agnete Brun

Arrangementet er i samarbeid med Hordaland fylkeskommune.