Hopp til hovedinnhold
Verdas bokdag beskåret

Verdas bokdag

man, 23/04-2018 (Hele dagen)
- Gratis

Calendar

23
apr
Varer til: 23 april
Forfatter: Gro
Kategori:

 

Verdas bok– og opphavsrettsdag dag ble innført av UNESCO 1995 og markerast 23. april kvart år med  aktivitetar over heile verda. På wikipedia kan ein lesa at målet med verdas bok- og opphavsrettsdag er å markera boka si rolle i samfunnet; boka som uttrykksform, for språkleg og kulturelt mangfold, for utdanning og for kommunikasjon.

Å jobbe med bøker er ein takknemleg og meiningsfull jobb. Men ein ting har alltid vore ei utfordring; plassmangel som gjer at ein må kassera bøker. Det er tungt for nokre bokelskarar; å kassera dei bøkene som ikkje lenger skal stå i hyllene våre. På bokdagen i 2018 oppmodar vi så mange som mogleg å komma til biblioteket og velja seg ein eller fleire av desse bøkene og gje dei ein ny heim. Her er mykje bra i mange sjangrar, barnebøker, teikneseriar, poesi og  sakprosa... 

Alle som lånar ei bok på vanleg vis, eller tar med ein kassert bok denne dagen, får med seg ein fersk bolle. Tradisjonen med å feire verdas bokdag går tilbake til  Barcelona i mellomalderen kor katalanarne feira sin skytshelgen Sankt Georg denne dagen med gåver og litteratur. Den 23. april var også truleg den dagen Shakespeare og Cervantes døde i 1616, så dette er ein symbolsk dag for litteraturen.

Prosjektet ”Kassert, men ikkje kasta” er eit prosjekt kor vi ser på måtar ein kan gjenbruka bøker som av ulike grunner ikkje lenger skal stå i hyllene våre. ”Kassert, men ikkje kasta” er støtta av  Nasjonalbiblioteket.