Hopp til hovedinnhold
Sommarles, Sommerles

Sommarlesfest!

lør, 14/09-2019 12:00
- Gratis

Calendar

14
sep
Varer til: 14 september
Forfatter: KariF
Brukarnivå:
Kategori:

Hei alle sommarlesarar i Øygarden, Fjell, Sund og Askøy!

Bli med på sommarlesfesten. 

Det er supermange som er med på Sommarles i år! Det feirar me med avslutningsfest på Hjeltefjorden Arena på Rong i Øygarden laurdag 14. september klokka 12. 

Hjeltefjorden arena er ein fleirbrukshall med diverse utstyr som kan brukast fritt. I tillegg er det buldrerom med fem meter høg klatrevegg. Veggen kan berre nyttast under tilsyn av vaksne. Biblioteka i vest er på plass i hallen frå klokka 11.

Klokka 12 samlast me i Sosialt rom i andre etasje for å hylle sommarlesarane. Det vert rebusløp med premiar (hemmeleg tips: det kan vere lurt å ha lese sommarlesforteljinga), musikk … og kanskje dukkar Astrid og Asbjørn opp…

Hallen er open til klokka 15 og her er det kiosk.

Det er ikkje lov å bruke utesko inne i hallen.

Her finn du Hjeltefjorden arena:

Hjeltefjorden arena vart opna i august i fjor. Han ligg på Rong i Øygarden.
Når du kjem til Rong, føl du skilta til Tednebakkane.