Hopp til hovedinnhold
Edvard Hoem

Slåtterkarar i himmelen og jordmødre på jorda

tir, 19/11-2019 11:00
- Gratis

Calendar

19
nov
Varer til: 19 november
Forfatter: KariF
Brukarnivå:
Genre:

 

Velkomen til Øygarden bibliotek 19. november klokka 11 til møte med den folkekjære forfattaren Edvard Hoem.

Edvard Hoem debuterte i 1969, og har ein svært stor og allsidig litterær produksjon bak seg: dikt, romanar, drama, biografiar. I tillegg har han gjendikta fleire stykke av Shakespeare til norsk. Han var i ein periode teatersjef i Molde.

I seinare tid er det bøkene om utvandrarane i Hoem-slekta som har gjort han til ein av dei mest populære samtidsforfattarane i Noreg: Slåttekar i himmelen, Bror din på prærien, Land ingen har sett og Liv andre har levd. Dei inngår i eit stort krønikeverk som ein kan seie byrja med den sjølvbiografiske boka Heimlandet. Barndom. (1985), og heldt fram med Mor og fars historie (2005) og Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren. (2018).

Edvard Hoem vil snakke om desse bøkene, og alt arbeidet som ligg til grunn for å kunne skrive så truverdig om «liv andre har levd» som han har gjort.

Forfattarmøtet er ein del av markeringa av Bokåret 2019, og er arrangert i samarbeid med Hordaland fylkeskommune.

Arranementet er gratis. 

(Foto: Paal Audestad )