Hopp til hovedinnhold
Miljø Bananar Matsvinn

Single bananar og anna matsvinn

ons, 03/04-2019 19:00 til 20:30
- Gratis

Calendar

3
apr
Varer til: 3 april
Forfatter: KariF
Brukarnivå:
Kategori:
Genre:

Visste du at det kvar dag vert kasta 60 000 bananar i Norge?

Berre fordi folk flest vil kjøpe ei klase med bananar og ikkje single bananar. Kvar og ein av oss kastar også i snitt 8 kg med klede og tekstilar kvart år.

Mette Nygård Havre leiar folkerørsla «Spis opp maten» og selskapet Grønne verdier. Ho har djupnekunnskap om avfall og forbruk etter å ha jobba i renovasjonsselskapet BIR AS i 14 år, og har sett seg som mål å gjere heile Norge til matreddarar. Mette har fått mykje merksemd etter at ho fekk matindustrien til å endre datomerkinga frå «Best før» til «Best før, men ikke dårlig etter». Målet er at betre informasjon ut til forbrukarane skal føre til positiv endring og reduksjon av matsvinn.

3. april kjem Mette til Øygarden bibliotek. Ho vil motivere alle til å bli meir medvitne forbrukarar. Hovudfokus i foredraget blir på matsvinn og plast, men som Mette seier: «Vi må få økt bevissthet rundt alle avfallstypene om vi skal klare å redusere dem». Ho vil derfor vise korleis små og store tiltak i kvardagen kan føre til gode endringar. Ho vil og kome inn på det store biletet og vise korleis våre eigne handlingar kan vere viktige for det globale klimaet.

Mette er aktuell med boka «Matredderen». Ho er engasjert i debattar på radio om miljø og matsvinn. Ho skriv kronikkar og har over 55 000 følgjarar i sosiale media. Ho har vunne fleire prisar for sitt miljøengasjement, mellom anna Hordaland fylkeskommune sin miljøpris i 2018.

Foredraget vil vare i om lag 45 minutt. Deretter er det lagt opp til spørsmål/svar og samtale. Vi ser for oss at heile seansen tek om lag ein og ein halv time, alt etter engasjementet etter foredraget.

Dersom du ikkje har høve til å kome på biblioteket på Rong onsdag 3. april, kan du høyra same foredraget på biblioteket i Sund kvelden før, eller på Straume dagen etter.

 

Arrangement er i samarbeid med Hordaland fylkesbibliotek og ein del av Bokåret 2019.