Hopp til hovedinnhold
Seniorsurf

Seniorsurf

tor, 28/09-2017 11:00 til 13:00
- Gratis

Calendar

28
sep
Varer til: 28 september
Forfatter: Trude
Brukarnivå:
Kategori:
Genre:

SeniorSurf er ei sosial datasamling for alle over 55 år, i Storstova på Fjell Frivilligsentral, kvar torsdag frå kl. 11:00 - 13:00. Ta med deg PC'en din og bli med. 

SeniorSurf er ein dataklubb, og tanken er at deltakarane skal kunna læra av kvarandre, og utveksla råd og tips. Men i tillegg er det alltid med ein eller to frivillige vegleiarar, som hjelper i gang og gir god vegleiing i det den einskilde lurer på. 

Klubben er innmeldt i Seniornett, og det betyr at du som vil gå på SeniorSurf må bli personleg medlem der, og betala ei lita avgift som vert delt mellom klubben og 
Seniornett. Men du kan koma her og testa ut SeniorSurf ein gong før du bestemmer deg for om dette er noko for deg.

Vi ønskjer oss kontakt med fleire datakyndige som kan vera interessert i å hjelpa til å ”kursa” på SeniorSurfen vår. Ta kontakt med oss dersom dette kan vera av interesse for deg.

Ta kontakt med Fjell frivilligsentral for spørsmål på tlf  55 09 69 29

 

OBS!  Dette tilbodet finn du også på Askøy folkebibliotek, om måndagen skulle vera ein betre dag for deg. Kvar måndag frå 10-13.00.