Hopp til hovedinnhold
Pers siste resept

Per Fugellis siste resept

tor, 14/02-2019 19:00
- Gratis

Calendar

14
feb
Varer til: 14 februar
Forfatter: Ine
Brukarnivå:
Kategori:
Genre:

På veg mot døden skreiv Per Fugelli den svært personlege boka  ”Per dør”, som handlar om å møta døden med opne auge. Samstundes handlar boka meir om å leva enn å døy.

Eit av Per sine siste ønske var at sonen Aksel skulle bringa boka, bodskapen og håpet hans rundt i landet.

Aksel har skrive 8 bøker, blant anna biografien ”Per - glimt av min far”. I det høvet reiste Per og Aksel på bokturné saman. Denne gongen reiser Aksel åleine. Per er til stades i ånda, gjennom eit utval tekstar frå ”Per dør”, og gjennom scener frå Erik Poppe sin kinofilm om dei siste åra i Per sitt liv.