Hopp til hovedinnhold
Pepakakeby

Peparkakeøya

fre, 29/11-2019 (Hele dagen) til man, 06/01-2020 (Hele dagen)
- Gratis

Calendar

29
nov
Varer til: 6 januar
Forfatter: KariF
Brukarnivå:
Kategori:
Genre:

 

Ein peparkakeversjon av kommunen har fått plass på biblioteket på Rong. 
Her er det naustmiljø og potekjellarar side om side med Sture-terminalen og ein supertankar. Detaljane er mange – strikkande peparkakekoner, steingardar og villsau, og sanneleg dukkar ikkje ordførarane opp i peparkakeutgåve – både avtroppande og påtroppande.

Det er barnehageborn og skuleborn til og med 7. klasse som står for byggverka og tema for årets utgåve av peparkakeøya på Rong er "Øygarden før og no". Kreativiteten er stor, så dette er noko du ikkje bør gå glipp av. Utstillinga er open i biblioteket si opningstid. I tillegg har me laurdagsope frå 10 til 15 laurdag 7. desember. 

Som bonus får du med deg dei flotte glasmåleria som 6.klassingane i kommunen har laga. 

Velkommen til julesteming på Øygarden bibliotek. 

Ope mandag-onsdag, fredag: 10-15.30

Torsdag: 10-19

Sengt laurdag og søndag.