Hopp til hovedinnhold
munneleg historie

Innsamling av munnlege forteljingar

ons, 14/06-2017 (Hele dagen) til man, 26/06-2017 (Hele dagen)
- Gratis

Calendar

14
jun
Varer til: 26 juni
Forfatter: bente.fosse
Brukarnivå:
Kategori:

Frå no og dei næraste vekene kan alle innbyggarane i Sund ta med seg slektningar, naboar, arbeidskameratar eller kven det no enn er som har forteljingar det er verd å ta vare på.

Utstyret er enkelt å bruka og nye brukarar får hjelp til å starta dei opp. Intervjuaren ser kamerabiletet på PCskjermen framfor seg, slik at ho/han kan justera viss forteljaren skulle bevega seg ut av biletet. Der er ein enkel meny i skjermbiletet med berre ein viktig knapp - «Start opptak». Den byttar tekst til «Stopp opptak» når opptaket er i gang. I prinsippet er det berre denne eine knappen som intervjuaren treng å bry seg om.

Tanken er jo å bygga opp ei samling av munnleg kjeldemateriale som kan bevarast for framtidige generasjonar i Sund. Men veldig mange intervju med lokale forteljarar er også interessante for samtida. I begge tilfeller er det viktig at opptaket vert sikra, at det kan delast – og at det er system på kven som har tilgang til ei kvar tid.