Hopp til hovedinnhold
Lahlum

Historie og Krim med Lahlum

tir, 05/11-2019 19:00
- Gratis

Calendar

5
nov
Varer til: 5 november
Forfatter: Malin Jensen
Brukarnivå:
Genre:

Sund folkebibliotek har den store gleden å presentere forfattarbesøk av krimforfattar og historikar Hans Olav Lahlum.

Mykje kan seiast om Hans Olav Lahlum, til dømes at han er sjakk-entusiast og politikar. Først og frems er han likevel mest kjend som krimforfattar og historikar. På dette todelte  arrangementet får ein høve til å bli kjent med både krimforfatteren og historikaren Lahlum.

Som Krimforfattar har Lahlum skive 8 bøker om detektivparet Kolbjørn "K2" Kristiansen, og Patricia Borchmann. Dette er ein historisk krimserie der handlinga går føre seg på 1960-70-talet. Som krimforfattar tilhøyrer Lahlum ein "fransk-britisk" tradisjon á la Georges Simenon og Agetha Christie.

Som historikar har Lahlum primært konsentrert seg om politikk med biografiar om norske politikarar som Oscar Torp og Haakon Lie. i tillegg har han skrive om amerikanske presidentar og britiske statsministrar. No er det Reiulf Steen, den tidlegare partiformannen i Arbeidar-partiet, som er tema for en ny biografi hausten 2019.

Samstundes som Lahlum kjem med ny biografi, kjem han med ny spenningsroman. På den andre delen av arrangenetet presenterer han denne romanen.