Hopp til hovedinnhold
om kjønnsidentitet og kjønnsmangfald

Hen og han og ho-om kjønnsidentitet og kjønnsmangfald

ons, 25/09-2019 19:00 til 20:00
- Gratis

Calendar

25
sep
Varer til: 25 september
Forfatter: Gro
Brukarnivå:
Kategori:

 

Dei fleste identifiserer seg med det kjønnet dei får tildelt ved fødselen, men ikkje alle. Jenter kan ha ei indre kjensle av å vere gut, gutar kan kjenne seg som jenter – eller ein kan kjenne seg som ingen av delane. Openheit og kunnskap kring temaet er med på å gjere kvardagen enklare for dei som kjenner seg annleis, og skape aksept for eit større mangfald av kjønn.

-          Kva er det å vere ein transperson?

-          Kva er kjønnsdysfori?

-          Kva inneberer kjønnskorrigerande behandling?

-          Kva er forskjell på kjønnsidentitet og seksuell orientering?

-          Kvifor er kjønn og kjønnsidentitet så viktig?

-          Kva er kjønnsmangfald?

 

Alt dette kan du få svar på i kveld, kl. 19.00 i Fjell folkeboksamling. Luca Dalen Espseth frå Forening for kjønns- og seksualitetsmangfold (FRI)  informerer og å snakkar om kjønn og kjønnsidentitet.

 

Arrangementet er i samarbeid med Hordaland fylkeskommune, Fritt ord og foreningen FRI.