Hopp til hovedinnhold
Ferdaminne frå sumaren

Ferdaminne frå sumaren

tor, 15/03-2018 12:00 til 13:00
- Gratis

Calendar

15
mar
Varer til: 15 mars
Forfatter: Gro
Brukarnivå:
Genre:

I 2018 er det 200 år sidan Vinje vart fødd, og kva passar vel betre enn ei markering av jubileet med visesongaren og kåsøren Magne Skjævesland? Framføringa er basert på innhald frå boka "FERDAMINNE FRÅ SUMAREN 1860" av Aasmund Olavsson Vinje. Tekstane er tonesette av Magne Skjævesland. Her er allsong, hallingkast, skodespel og danseinnslag. Dette er ei variert framsyning som høver for ulike publikumsgrupper. Tekstane til Vinje er tidlause. Dei har tematikk som er sterkt aktuelt i dag, slik som grådigskap, stormannsgalskap, krigs- og heltedyrking, og kjenslevare dikt om kjærleik. Samstundes er dette norsk kulturhistorie frå ei tid der Noreg ville utvikle sjølvstende frå svensk og dansk innverknad ,  i språk og kultur.