Hopp til hovedinnhold
debatt

Debatt i biblioteka. Tema: Kommunikasjon og samferdsle i den nye kommunen vår

tor, 17/10-2019 19:00 til 21:00
- Gratis

Calendar

17
okt
Varer til: 17 oktober
Forfatter: Trude
Brukarnivå:
Kategori:
Genre:

Vi inviterer til debatt om kommunikasjonar i den nye kommunen vår. Korleis kan vi koma oss på kryss og tvers i kommunen? Kva med kollektivtransporten? Må alle innom Straume for å komma seg frå nord til sør? Korleis kan vi sørga for at ungdommane våre kjem seg trygt heim på kveldane?  Skapar vi meir forureining og trafikk når nokre tenester blir sentraliserte? Klarer vi å halda nullvekstmålet? Kan vi skapa meir trafikk på digitale tenester i staden for på vegane? Dette og mykje meir kan vi diskutera denne kvelden. Det blir engasjerte debattantar, og kjekke underhaldningsinnslag. Per Jon Odeen, tidlegare journalist i NRK og BT leiar debatten.  Debattantane i Fjell blir Tom Georg Indrevik frå Høgre og ny ordførar i nye Øygarden kommune, Maria Thomassen, kommunestyrerepresentant for MDG i nye Øygarden kommune og Kristian Amlie frå teknologi- og kommunikasjonsbyrået Bouvet..

Det blir lett servering.

Velkomen til alle!