Hopp til hovedinnhold
debatt

Debatt i biblioteka. Tema: Frå kommunesenter til utkant

tor, 03/10-2019 19:00
- Gratis

Calendar

3
okt
Varer til: 3 oktober
Forfatter: KariF
Brukarnivå:
Kategori:
Genre:

Kva skjer når Skogsvåg og Rong går frå å vere kommunesenter til å bli utkant i storkommunen Øygarden?

Vil all vekst skje på Straume? Vil utkanten visna vekk? Eller er det tvert om - er det større rom for kreativitet og vidsyn her ute i periferien? 

Innbyggjarundesøkjinga i fjor viste at folk i Sund og Øygarden var meir uroa for kommunesamanslåinga enn fjellsokingane. Er det grunn til det?

Me inviterer til samtale om dette og meire til på biblioteket på Rong senter torsdag 3. oktober klokka 19. Det blir engasjerte debattantar og kjekk underhaldning.

I panelet: Runar Trellevik, dagleg leiar Tekslo seafood, avtroppande ordførar i Øygarden Børge Haugetun og leiar i IL Skjergard, Geir Knarvik Fjeldstad.

Per Jon Odeen, tidlegare journalist i BT og NRK, leiar samtalen.

Lett servering. Vokalgruppa Klungerrosa står for underhandlinga.

Velkommen til alle!

 

Dette er den første av tre debattar om kommunesamanslåinga i biblioteka i Fjell, Sund og Øygarden.

Skal du ha med deg alt, må du altså kryssa dei noverandre kommunegrensene og ta deg inn i «ukjent terreng».

 

3. oktober klokka 19: Tema: Sentrum / utkant. Øygarden bibliotek, Rong senter

17. oktober klokka 19: Tema: Kommunikasjon og samferdsle i den nye kommunen. Fjell folkeboksamling, Sartor senter

24. oktober klokka 19: Tema: Strileidentitet. Kva er strilekultur anno 2020. Sund folkebibliotek, Sund senter, Skogsvåg