Hopp til hovedinnhold
Håkon Holm-Olsen

Collage-verkstad med biletkunstnar Håkon Holm-Olsen

lør, 13/10-2018 10:00 til 14:00
- Gratis

Calendar

13
okt
Varer til: 13 oktober
Forfatter: Gro
Brukarnivå:
Kategori:

Velkomen til ein ny collage-verkstad i Fjell folkeboksamling! Øydelagde bøker, utgåtte atlas, gamle magasin… ein del materiale må biblioteka diverre kassera. I ein rekkje arrangement vi har kalla ”Kassert, men ikkje kasta”, vil vi prøve å resirkulere ein del av materialet som elles hadde vorte kassert.
Denne laurdagen har vi invitert Håkon Holm-Olsen til først å halde eit innlegg om korleis collage er brukt i kunsthistorien for så å leda ein verkstad kor han viser korleis ein kan jobbe med mediumet. Vi finn fram saksar, lim, kuttematter og anna utstyr og er klare for å skapa nye historiar av kassert materiale frå bibliotekets hyller.
Vi arbeidar i biletformat og, om ein vil, i enkle folderformat denne dagen. Ein enkel bokbindingsteknikk introduserast.

Håkon Holm-Olsen er fødd på Sotra og bur og arbeider i Bergen. Han har si utdanning frå Kunsthøgskolen i Bergen, kor han gjekk ut med Master i 2012. Han er kjent for sine særeigne motiv skapt i collage og teikning.
Han har dei siste fem åra halde ei rekke ulike kurs for både barn, ungdom og vaksne, blant anna ved Barnas Kulturhus, Folkeuniversitetet og Bergen Kunsthall. Sidan 2016 har han og vore fleire periodar som gjestelærar ved Kunstskolen i Bergen.
Sjå meir på: hholsen.wordpress.com   

Vi serverer juice, te og kaffe, ta gjerne med matpakke. Passer for vaksne og ungdom frå 15 år. Kurset er gratis men avgrensa plassar. Bindane påmelding: bibliotek@fjell.kommune.no
Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket.

Bilete: Håkon Holm-Olsen