Hopp til hovedinnhold
Abonner på Kalender

Åpningstider

Uke
Facebook

Sund

Sund folkebibliotek finn du i Sund senter. Biblioteket er meirope frå kl.08-22, men for å nytta tilbodet må du oppgradera lånekortet i skranken. På biblioteket kan ein låna bøker, lydbøker og film. Vi har tilbod både til born og vaksne. Alle bibliotek i landet samarbeider, så det ein ikkje finn i Sund folkebibliotek, kan boka tingast frå andre bibliotek. Ein vil motta ei melding når boka kjem til biblioteket. I biblioteket kan du og lesa aviser, få hjelp til henta informasjon, surfe på internett og slappa av. Og det beste av alt - alt dette er gratis! Sund folkebibliotek har trådlaust nettverk. Ein kan ta med berbar pc og bruke internett. Det kan vere ein fordel å kunna bruka eiga programvare og lasta ned og lagra direkte på maskina. Tilgong til nettet får ein av bibliotekpersonalet. Tilbodet er gratis.

Her kan du søkje i samlinga til Nordsjøfartsmuseet:http://bivest.bib.no/cgi-bin/websok-nordsjo

 

Arrangement

ons, 31/01-2018 18:30

Fuglen og det store eventyregget

”En gang for lenge siden fantes et magisk tre. På det treet vokste det ikke blomster eller frukt, det vokste eventyr. Eventyrene var søte og gode, eller de var spennende, ja nesten skumle.
tor, 01/02-2018 17:00

Norsktrening - Språktreff

For alle som ynskjer norsk språktrening.Det vert servert kaffi, te og noko å bite i. Tilbodet er gratis og det er ikkje påmelding.
tor, 15/02-2018 17:00

Norsktrening - Språktreff

For dei som ynskjer norsk språktrening.Det vert servert kaffi, te og noko å bite i. Tilbodet er gratis og det er ikkje påmelding.
tor, 01/03-2018 17:00

Norsktrening - Språktreff

For dei som ynskjer norsk språktrening.Det vert servert kaffi, te og noko å bite i. Tilbodet er gratis og det er ikkje påmelding.
tor, 15/03-2018 09:45

Norsktrening - Språktreff

For alle som ynskjer norsk språktrening.Det vert servert kaffi, te og noko å bite i. Tilbodet er gratis og det er ikkje påmelding.
tor, 05/04-2018 17:00

Norsktrening - Språktreff

or alle som ynskjer norsk språktrening.Det vert servert kaffi, te og noko å bite i. Tilbodet er gratis og det er ikkje påmelding.
Abonner på Kalender

Nyheter

28 august, 2017 - 09:07

Digital teneste du kan bruke heimefrå

No kan du nytte tenesta PressReader heimefrå om du loggar deg inn i MappaMi eller Bibliofil-appen. Tenesta gjev deg tilgang til nye digitale aviser og magasin i komplett digital utgåve.
16 desember, 2015 - 13:58

Vi treng frivillige til Språkkafe i Sund

Sund Røde Kors Fleirkultur i samarbeid med Sund Folkebibliotek ynskjer å bidra til integrering av flyktningar og innvandrarar i kommunen og legge til rette for gjensidig forståing og respekt. Frå hausten 2015 vil vi gje tilbod om sosial og lærerik norsktrening kvar laurdag i lokala til Sund Folkebibliotek Vi treng frivillige i alle aldrar til denne aktiviteten.
9 desember, 2014 - 10:14

Sund bygdebok band 3

Boka er ei gards- og slektssoge, og opplysningane i boka begynner på 1500-talet og er førte fram til 2014. Band 3 har om lag 650 sider og inneheld rundt 1200 bilete, som gjev eit variert inntrykk av folk, arbeidsliv og kulturlandskap. Det er tabellar, figurar, kart og register i boka. Ho omhandlar alle bustadene på matrikkelgardane nord på Toftarøyna, Stranda, Vorland og Kausland. Boka vert lansert i Strandahallen 6.november kl.18
5 november, 2014 - 07:44

Ord i Spreke spor

Turløypa startar ved Stranda skule. Skuleelevar og barnehagebarn vil få ei løype som vil forundre og glede og innby til eigen aktivitet som til dømes LandArt – kunst av midlertidig karakter laga av det ein finn i naturen.Turløypa skal ha særleg fokus på Johannes Kleppevik si dikting og på kystkulturen.